Foto: Emil Vestre / Kunsthøgskolen i Oslo
På konferansen deltar profilerte representantar for UH-sektoren og kulturbransjen, for å diskutere dei kreative utøvande og skapande faga i utdanning på fleire nivå. Vi spør mellom anna: Kan vi styrke posisjonen vår i ein offentlig samtale som i stor grad handlar om å stramme inn ressursbruken? Og når det gjeld kunstfaga i UH-sektoren og yrkeslivet: Spelar vi godt nok på lag?
Program
Krig, klimakrise og ei ustyrleg teknologiutvikling: Korleis kan vi styrke kritisk tenkning, kreativitet og kulturell forståing i ei stadig meir uroleg tid?
Del 1: Kulturlivet og KDA-faga i utdanning på alle nivå:
Kan vi styrkje posisjonen vår i ein offentleg samtale som i stor grad handlar om å stramme inn ressursbruken?
10.00 Velkomen ved Marianne Skjulhaug, rektor på KHiO og Astrid Kvalbein, leiar UHR-KDA
10.05 Innlegg ved Trude Storheim, statssekretær Kultur- og likestillingsdepartementet
10.20 Innlegg ved Bjørn Haugstad, leiar av fellesskoleutvalet og direktør NTNU
10.35 Innlegg ved Øystein Strand, direktør Kulturdirektoratet
10.50 Pause
11.00 Panelsamtale med Trude Storheim, Morten Gjelten, direktør Norsk teater- og orkesterforening, Cathrine Nyheim, nestleiar i CREO + medlem fra UHR-KDA
12.00 Lunsj
Del 2: KDA-faga i UH-Sektoren og yrkeslivet: spelar vi godt nok på lag?
13.00 Kunstnarleg innspel
13.10 Oppsummering av bolk 1/intro bolk 2, Astrid
13.15 Innlegg ved Frode Thorsen, leiar av arbeidsgruppe
13.25 Innlegg ved Sunniva Whittaker, rektor UiA
13.35 Innlegg ved Maria Molden, byarkitekt Bergen
13.45 Kort pause til omrigg/beinstrekk (5-10 min)
13.55 Panelsamtale med Sunniva Whittaker, Maria Molden, Øystein Strand og Leif Holst Jensen fra UHR-KDA
14.45 Kritisk oppsummering og avspark til vegen vidare ved rektor Christen Krogh, Oslo Met
15.00 Seminar slutt
15.00 Intern oppfølging for UHR-Kunst, design og arkitektur