NSO meiner at norske myndigheiter må arbeide for at nicaraguanske myndigheiter stoppar vald og undertrykking retta mot fredelege demonstrantar, og at demokrati og menneskerettane blir respektert. Studentar og andre sivile som har blitt fengsla på grunn av fredeleg deltaking i demonstrasjonar må setjast fri umiddelbart. Nicaragua må respektere dei juridiske rettane til alle politiske fangar, uavhengig av kva dei er skulda for. Nicaraguanske myndigheiter kan ikkje arrestere, kriminalisere og straffeforfølgje studentar og andre sivile på grunn av at dei nyttar organisasjonsfridommen og ytringsfridommen sin.