Nasjonalt råd for lærerutdanning
Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) er eitt av fire nasjonale råd under Universitets- og høgskolerådet. NRLU er eit sektorovergripande organ som har som oppgåve å samordne og styrke norsk lærarutdanning, og forsking innafor lærarutdanningsfeltet. I rådet sit representantar frå alle statlege utdanningsinstitusjonar som gir ei eller fleire av dei seks hovedtypane lærarutdanning; førskolelærarutdanning, allmennlærarutdanning, faglærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning, femårig integrert lærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg er NRLU sett saman av studentrepresentantar, eksterne representantar og observatørar, til saman i overkant av 40 personar. Rådet møtes tre gangar i året.